|
|
|
Eit godt utgangspunkt for ein fin ferie
Enten du vil slappe av ved sjøen,
ha
eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordvestlandet, eller rette
og slett treng ein stad å overnatte, så er Årskogvika
camping den ideelle staden.
Plassen ligg solvendt
på nordsida av fjorden,
og dei fire romslege hyttene er plassert berre eit lite
steinkast frå sjøen med ei av dei mest praktfulle utsiktene i
Nordfjord. På sommaren kan du nesten ta på dei
store cruisebåtane som seglar forbi. Her kan du sitte ved
strandkanten å sjå fire fjordar møtast, nyte sola som speglar
seg i klukkande bølgjer, eller saman med familie eller vener
ta kortare eller lengre
dagsturar til natur- og kulturopplevingar både i Nordfjord,
Sunnfjord og Sogn, og på Sunnmøre.
Hyttene er vinterisolerte, og ein god stad for familien å bruke
kveldane og sove etter hektisk vinteraktivet, enten du vil bruke
alpinanlegga ved Harpefossen eller på Utvikfjellet, eller dei
mange turhøva i oppkøyrde løyper eller urøyvd natur i
Nordfjord.
Den som ønskjer ein tur på fjorden, enten for å fiske, sjå,
eller for å slappe av, kan leige ein av campingplassen sine båtar.
|
|
|