Velkomen til eit opphald på Årskogvika Camping

                Hytter|Telt|Campingvogner|Båtutleige|Vegen fram|Kringsjå


Kontakt oss


Årskogvika Camping
6778 Lote

Telefon: 57 86 44 22

Epost:
camping@arskog.no



Get a GoStats hit counter
 

Eit godt utgangspunkt for ein fin ferie

Enten du vil slappe av ved sjøen, ha eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordvestlandet, eller rette og slett treng ein stad å overnatte, så er Årskogvika camping den ideelle staden. 

Plassen ligg solvendt på nordsida av fjorden,  og dei fire romslege hyttene er plassert berre eit lite steinkast frå sjøen med ei av dei mest praktfulle utsiktene i Nordfjord. På sommaren kan du nesten ta på dei store cruisebåtane som seglar forbi. Her kan du sitte ved strandkanten å sjå fire fjordar møtast, nyte sola som speglar seg i klukkande bølgjer, eller saman med familie eller vener ta kortare eller lengre dagsturar til natur- og kulturopplevingar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og på Sunnmøre.

Hyttene er vinterisolerte, og ein god stad for familien å bruke kveldane og sove etter hektisk vinteraktivet, enten du vil bruke alpinanlegga ved Harpefossen eller på Utvikfjellet, eller dei mange turhøva i oppkøyrde løyper eller urøyvd natur i Nordfjord.

Den som ønskjer ein tur på fjorden, enten for å fiske, sjå, eller for å slappe av, kan leige ein av campingplassen sine båtar.

   



Copyright Årskogvika Camping 2001